– Auka netthandel vil føre til færre butikkar. Det blir dramatisk for dei tilsette, seier teknologidirektør i Geta, Alexander Haneng
Alexander Haneng: – Sjølv om utviklinga er alvorleg for dei som arbeider i butikk, så er det positivt for kundane. (Foto: Moment Studios/Mynewsdesk)
Alexander Haneng: – Sjølv om utviklinga er alvorleg for dei som arbeider i butikk, så er det positivt for kundane. (Foto: Moment Studios/Mynewsdesk)

    • Publisert: 22 juni 2017
    • Tekst: vanebo

– Auka netthandel vil føre til færre butikkar. Det blir dramatisk for dei tilsette, seier teknologidirektør i Geta, Alexander Haneng i eit intervju med NRK. Møbelhandelen vert råka. IKEA er eit døme.

Nordmenn handla varer for over tre milliardar kroner på nett i løpet av dei to fyrste månadane i år. Det er ei auke på 9,9 prosent frå same periode i fjor, viser tal frå SSB.

Ifølgje Haneng føregår om lag 90 prosent av handelen framleis i fysiske butikkar, men han trur den kjem til å gå ned til 50 prosent på få år.

Endra rolle

Og det blir ikkje berre færre tilsette i butikkane, rollene deira kjem òg til å endre seg.

– Dei tilsette vil i større grad følgje opp kundar og gje råd i staden for å ta i mot betaling. Sjølv om utviklinga er alvorleg for dei som arbeider i butikk, så er det positivt for kundane. Det er slik dei vil handle.

Trur varehusa vil stå seg

Fleire forretningar er i gang med å omstille seg for auka netthandel. Mellom anna har møbelkjeda IKEA utsett bygging av fleire varehus, og heller etablert små serviceavdelingar der folk kan hente varer dei har bestilt på nett.

Så langt har dei oppretta Service & Pick-up Points i Tromsø, Ålesund og Skøyen. Leiar for IKEA Netthandel, Nina Øktedalen, trur likevel at varehusa blir viktige i åra som kjem.

– I år har om lag ti prosent av omsettinga vår blitt skapt utanfor dei fysiske varehusa. Men framleis ser vi at tusenvis strøymer til butikkane våre kvar dag. Personleg trur eg varehusa vil stå seg godt i framtida.

– Korleis påverkar teknologien handlevanane til kundane dykkar?

– Dei blir påverka på same måte som andre. For oss vil det seia at vi møter kundane oftare enn før. Vi møter dei på mobilen, når dei slappar av i sofaen, framfor PC-en og i varehusa, seier Øktedalen.

Må satse på innovasjon

Fyrsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, Peder Inge Furseth, meiner at nordmenn er raske til å fange opp ny teknologi, og at forbrukarane er tidlegare ute enn næringslivet.

– Norske butikkar har ikkje vore så flinke til å ta i bruk ny teknologi, difor vil utanlandske nettbutikkar reise ein trussel mot tradisjonell norsk varehandel.

Furseth trur at ordinære butikkar går ei tøff framtid i møte om dei ikkje satsar meir på innovasjon enn i dag.

– Vi ser ein tendens til at store softwareplattformer tek over. Kanskje heiter banken din Apple eller Facebook om fire-fem år.

(Kjelde: . nrk.no/kultur)

”Møbelkjeda IKEA utsett bygging av fleire varehus, og heller etablert små serviceavdelingar der folk kan hente varer dei har bestilt på nett.” (Foto fra Tromsø: Ørjan Bertelsen/IKEA)
”Møbelkjeda IKEA utsett bygging av fleire varehus, og heller etablert små serviceavdelingar der folk kan hente varer dei har bestilt på nett.” (Foto fra Tromsø: Ørjan Bertelsen/IKEA)
Møbel & Interiør

Dronningens gate 3
0152 OSLO
T: 21 62 78 00

Hurtigkoblinger
Møbel & Interiør Nyhetsbrev