Møbelprodusenten Helge Brunstad sovna stille inn 1. mars, 66 år gammal, etter ei tid med sjukdom. Helge Brunstad hadde heile sitt yrkesaktive liv i familiebedrifta Hj. Brunstad, som faren, Hjalmar, etablerte. Helge dreiv Brunstad fram til å bli ei av dei mest særmerkte og profilerte møbelbedriftene i landet. Han kopla interessa for design og estetikk saman med blikket for rasjonell industriproduksjon som var, og er, ein føresetnad for å lukkast med framstilling av ferdigvarer i Noreg.

    • Publisert: 05 mars 2018

Helge Brunstad var ung då han i 1974 måtte ta over leiaransvaret ved møbelverksemda i Sykkylven. Faren døydde brått då Helge var knappe 23 år. Han hadde nettopp fullført utdanninga si ved BI og hadde planar om ein ferietur til Syden, då sørgjebodet kom og han måtte reise heim for å ta over roret.

Helge Brunstad bygde vidare på det solide grunnlaget som var lagt av faren og medarbeidarane hans, men tok bedrifta fleire steg vidare. Han etablerte ei eiga designavdeling der han sjølv fekk ei leiande rolle, og kontakt vart knytt med profesjonelle designarar. Bedrifta var meir oppteken av å gje folk gode og brukarvennlege møblar enn av å vinne designprisar, sjølv om dei også fekk nokre slike. Brunstad var mellom anna ein banebrytar når det galdt produksjon av modul- baserte sofaer som kundane kunne tilpasse sine eigne behov. Modulsofaen Fantasy frå 1999, har vist seg som ein berekraftig suksess som har sett standarden innan salongmøbelmarknaden. Eit anna produkt som kom ut av bedrifta si satsing på formgode bruksmøblar er Delta-stolen, som framleis er ein publikumsfavoritt.

Helge Brunstad såg tidleg verdien av samarbeid i møbelbransjen. Kvar for seg var bedriftene små, men gjekk dei saman kunne dei nå langt. For eiga bedrift utvikla Helge eit marknads- og salssamarbeid med platemøbelprodusenten Nordås. Bedriftene fylte kvarandre ut, Brunstad med stoppmøblar, Nordås med bord og skap. Han var også sentral i arbeidet med å utvikle Ålesunds-messa til ein møtestad mellom møbelprodusentar og forhandlarar.

Helge var i veremåte roleg og avbalansert, og gav eit tillitvekkande inntrykk. Når han snakka, lytta kollegaene i bransjen. Han engasjerte seg i møbelbransjen sine organisasjonar, Møregruppa og Møbelprodusentenes Landsforening. Her var han formann i ein aktiv periode for foreininga.

Som bedriftsleiar hadde han stor omtanke for fabrikken i Sykkylven og dei tilsette der. Det var viktig for han at arbeidsplassane var trygge. Helge Brunstad var flink til å samle dyktige folk
rundt seg og han viste medarbeidarane stor tillit. Designaren Arild Alnes som arbeidde tett saman med Helge Brunstad i fleire tiår karakteriserer han slik: «For oss designarane var det inspirerande å arbeide saman med Helge. Han var overtydd om at ein fabrikk med ambisjonar ikkje kunne basere framtida på kopiering. Han ville skape noko nytt. Helge hadde også ei unik evne til å analysere og forstå utviklinga av forbrukarane sine preferansar for val av møblar, både når det gjaldt design og ikkje minst stoff og hud.»

Helge Brunstad har etterlete seg varige spor i den norske møbelsoga. Og møbelbedrifta Brunstad står i dag støtt på dei beina han var med å byggje.
Eldar Høidal

Møbel & Interiør

Dronningens gate 3
0152 OSLO
T: 21 62 78 00

Hurtigkoblinger
Møbel & Interiør Nyhetsbrev