Torsdag før jul var siste produksjonsdag på Ekornes-fabrikken på Hareid, og ein innhaldsrik møbelproduksjonsepoke er med det over. Rundt 45–50
Fabrikken på Hareid vart stengt før jul. (Arkivfoto: Odd Henrik Vanebo)
Fabrikken på Hareid vart stengt før jul. (Arkivfoto: Odd Henrik Vanebo)

    • Publisert: 27 desember 2016

Torsdag før jul var siste produksjonsdag på Ekornes-fabrikken på Hareid, og ein innhaldsrik møbelproduksjonsepoke er med det over.

Rundt 45–50 tilsette samt pensjonistar var torsdag samla til felles juleavslutning på Ekornes-fabrikken på Hareid. Fabrikksjef Ole André Småge kunne fortelje Vikebladet Vestposten at det var ei trist stund, samstundes som ein såg fram mot nye og spanande tider.

Trist, samstundes glad

– Sjølvsagt har vi opplevd dette som trist. Men, samstundes er vi veldig glade for at vi har jobb å gå til, alle saman. Sjølv om det blir ein god veg å pendle for mange av oss, skal vi få til dette. Det er klart, dette har vore ein tung haust, men no er vi klar for å bli med vidare på framtida til Ekornes, seier Småge.

Det var torsdag 23. juni i år at alle dei tilsette ved Ekornes sin fabrikk på Hareid fekk vite at fabrikken skulle leggjast ned.

– Det var ein frykteleg tung dag, sa hovudtillitsvalt ved fabrikken, Oddrun Fjørtoft til Vikebladet Vestposten den gongen.

No er det slutt

Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes var til stades då dei tilsette fekk vite om avgjersla, og poengterte at alle som ville hadde jobb på Vestlandske i Sykkylven, dit produksjonen på Hareid har blitt flytta.

– Alle har no fått ei endringsoppseiing, eit tilbod om jobb ved Vestlandske-fabrikken i Sykkylven. Nokre få har valt å gå av med avtalefesta pensjon AFP, medan stort sett alle av dei rundt 70 tilsette i produksjonen har valt å takke ja til å bli med innover til Sykkylven for å behalde jobbane sine, fortalde Oddrun Fjørtoft om beskjeden dei fekk frå Holst-Dyrnes i sommar.

Etter 20 år

1. mai 1996 tok Ekornes over drifta av fabrikken til det som var Utgård Mestermøbler på Hareid, og fram til i år har fabrikken vore ein viktig del av konsernet. Men no er det altså slutt.

(Kjelde: vikebladet.no)

 

Møbel & Interiør

Dronningens gate 3
0152 OSLO
T: 21 62 78 00

Hurtigkoblinger
Møbel & Interiør Nyhetsbrev