Sparer millionar på sjøtransport
No sender Ekornes fleire hundre trailerlass med møblar i året på skip.
Billigare, tryggare og miljøvennleg: Sjøtransport har vist seg å vere ei god løysing for Ekornes, melder Sunnmørsposten.
Sparer 10 millioner
Tidlegare i år skrev nett.no: To gongar i veka legg eit containerskip frå Samskip til kai ved Ekornesfabrikken sitt hovudanlegg i Sykkylven. Målet er hamna i Rotterdam, der kontainarane frå Ekornes blir lasta over på bilar og køyrd rett til møbelkonsernet sitt nye senter – hub – for distribusjon i kontinental-Europa, knappe fem mil unna hamna.
Omlegginga av distribusjonen, som også omfattar færre distribusjonsentralar i Europa – kan gi innsparing «i størrelsesorden» 10 millionar kroner etter Ekornes sine berekningar.
10–11 færre vogntog i veka
Omrekna i trailerlass betyr satsinga på skipstransport 10–11 færre vogntog i veka frå Sykkylven og sørover gjennom Gudbrandsdalen. Målt i CO2-utslepp og energiforbruk er det snakk om ein reduksjon på rundt 40 prosent.